HeimNyhendeInformasjonsmøte om RMP-tilskot

Informasjonsmøte om RMP-tilskot

Har du spørsmål om RMP-tilskot i landbruket eller lurer på kva som kan vera aktuelle tiltak for deg å søkja på? No har du sjansen til å få informasjonen servert på eit sølvfat og attpåtil høve til å stille spørsmål undervegs

Regionale miljøtilskot (RMP-tilskudd) skal stimulera til å gjera tiltak for å avgrensa ureining og fremja kulturlandskapsverdiar i landbruket. Tysdag og onsdag i veke 40 vil det vere eit informasjonsmøte der Fylkesmannen i Vestland kjem og fortel om kva ein kan søkja på og kva som er nytt for søknadsåret 2019.

Søknadsfrist RMP tilskot 2019 er 15.oktober

Meir informasjon om RMP finn du her: https://www.fylkesmannen.no/vl/rmp Me bestiller kaffimat og ber difor om påmelding til maya.riise@lindas.kommune.no eller SMS til 95086494 innan 30.september


Sist oppdatert: 18.09.2019
Publisert: 18.09.2019