HeimNyheiterInfluensavaksinane kjem i slutten av oktober

Influensavaksinane kjem i slutten av oktober

Sjekk om du er i risikogruppa og kor du kan få tilbod om influensavaksine.
Publisert: 07.10.2021
Sist endra: 18.10.2021

Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men enkelte risikogrupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Norge er om lag 1,6 millionar barn og vaksne i ei av risikogruppene.

Folkehelseinstituttet (FHI) ber befolkninga i Norge om å førebu seg på ein kraftig influensasesong, og anbefaler alle i risikogruppene om å vaksinere seg mot influensa.

Det må gå minst ei veke mellom koronavaksine og influensavaksine.

Er du i ei av risikogruppene?
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI anbefaler i tillegg at desse gruppene tar influensavaksinen:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur ilag med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på helsenorge.no.

Vaksinering på fastlegekontoret ditt (hovudvaksinering)

Er du i ei av risikogruppene, får du tilbod om influensavaksine på fastlegekontoret ditt.

Legekontora startar vaksineringa i veke 43, frå måndag 25. oktober. Sjekk korleis legekontoret ditt organiserer vaksineringa før du tar kontakt.

Fastlegane vaksinerer på allereie oppsette legetimar. I tillegg har fastlegekontora sett opp følgjande tidspunkt der du kan møte opp utan å bestille time på førehand.

  • Radøy legesenter – oppmøte på helsestasjonen
    • 26. oktober klokka 08.30–12.00 og 13.00–15.00
    • 27. oktober klokka 08.30–12.00 og 13.00–1500
    • 3. november klokka 08.30–12.00

  • Frekhaug legesenter – oppmøte ved ambulanseinngang
    • 27. oktober klokka 09.30–12.00 og 12.30–14.00
    • 3. november klokka 09.30–12.00 og 12.30–14.00
    • 10. november klokka 09.30–12.00 og 12.30–14.00   
  • Knarvik legekontor
    • 26. oktober klokka 16.00–17.00 – dei over 80 år
    • 26. oktober klokka 17.00–19.00 – 65­–79 år
    • 26. oktober klokka 18.00–19.00 – risikogrupper under 65 år
    • 28. oktober – same tidspunkt og grupper som på 26. oktober

  • Knarvik allmennpraksis
    • Drop-in i kontortida frå veke 43

  • Knarren 
    • 25. oktober klokka 08.30–11.30 og 13.00–14.00
    • 27. oktober klokka 08.30–11.30 og 13.00–14.00
    • 28. oktober klokka 08.30–11.30 og 13.00–14.00
    • 29. oktober klokka 08.30–11.30 og 13.00–14.00

  • Lindås legekontor
    • Vaksinering i kontortida frå veke 43
    • Drop-in klokka 13.00–15.00
  • Ostereidet legekontor
    • Ring eller send tekstmelding til legekontoret for å avtale time til vaksering.

  • Helsenaustet legekontor
    • Opnar for timebestilling på oppsette ettermiddagar frå veke 44. Følg med på nettsida til legekontoret for oppdatert informasjon.
Vaksinering i Nordhordlandshallen (supplement)

Tilbodet er for innbyggjarar i risikogruppene og er eit supplement til tilbodet på fastlegekontora.

Trykk her for å bestille time til influensavaksinering i Nordhordlandshallen.

Timebestillinga på nett er berre for dei i aldersgruppa "over 65 år". Er du i ei av dei andre risikogruppene kan du ringe til koronasenteret på 56 37 59 00 om du ikkje vaksinerer deg på fastlegekontoret ditt.

Vaksinering på helsestasjonen (for barn og gravide)

Har du barn i ei av risikogruppene kan du anten få tilbod til barnet ditt på fastlegekontoret eller næraste helsestasjon.

Ønskjer du at barnet skal få influensavaksine på helsestasjonen, tar du kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å avtale tidspunkt.

Gravide kan også få influensavaksine på helsestasjonen på allereie avtalte timar.

Vaksinering på apotek (for dei som ikkje i risikogruppene)

Fleire apotek tilbyr influensavaksine til innbyggjarar som ikkje er i risikogruppene. Sjekk nettsida til eller ta kontakt med ditt aktuelle apotek for å finne ut kva tilbod dei har.