HeimNyhendeInfluensa-vaksinering i Radøy

Influensa-vaksinering i Radøy

På vaksinedagane er personar i risikogruppene velkomne til å møte utan timeavtale. Tilbodet gjeld innbyggjarar i Radøy kommune.

Følgjande grupper er definert som risikogrupper, og er tilrådd å ta vaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Folk som bur i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Personar med regelmessig kontakt med levande gris
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte-/karsykdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett infeksjonsforsvar
    • overvekt (BMI over 40)
    • visse andre sjukdomar, etter konkret vurdering.

Personar som ikkje tilhøyrer risikogruppene vil kunne få vaksine etter at vaksinedagane er gjennomført. Vaksine vert då seld ut til lageret er tomt. Det kostar 150 kroner å få tatt vaksinen.

Meir informasjon om influensavaksine finn du på www.fhi.no

Helsepersonell med pasientkontakt er også tilrådd vaksine for å unngå spreiing av sjukdom til pasientar. Vaksinasjon for denne gruppa vert oftast organisert frå arbeidsgjevar.

Pneumokokkvaksine

Individ med visse former for immunsvikt vert tilrådd vaksine mot pneumokokkar («hissig lungeinfeksjon») kvart 5.-10. år. Slik vaksine kan settast etter tilråding frå lege. Helsetenesta har eit mindre lager av denne vaksinen. Pris kr 300.


Sist oppdatert: 24.10.2019
Publisert: 23.10.2019