HeimNyhendeHistorisk møte i formannskapet

Historisk møte i formannskapet

Dette er ei ekstraordinær tilskotsordning som kommunestyret gav grønt lys for på siste møtet før ferien. Halvannan million kroner vart torsdag fordelt til bygge- og anleggsprosjekt etter søknad frå lag og organisasjonar, medan ein halv million går til korps og kor i kommunen.

Svært mange søknader

Det skjer svært mykje positivt byggande arbeid i Radøy kommune, det er den svært store søknadsbunken eit talande bevis på. Det kom inn ikkje mindre enn 42 søknader om tilskot til investeringar i bygg og anlegg, og andre tiltak – som t.d. turstiar, som er allment tilgjengeleg for folk. Kvar enkelt søkjar kunne få maks 200 000 kroner til større tiltak, dei aller flest av søknadane kom i denne kategorien. Til mindre tiltak var 50 000 kroner sett som maks tilskot. Seks korps og eitt kor fekk tilsaman 500 000 kroner i tilskot frå den ekstraordinære ordninga.
- Me gler oss over å kunne gje noko tilbake til frivilligheita, som er eit av dei sterkaste kjenneteikna på Radøy-samfunnet og radværingane. Folket har vore med kommunen i tjukt og tynt, og i gode og trongare tider, seier ordførar Jon Askeland.

Takkar for innsatsen
Både ordføraren og resten av formannskapet  gav på møtet uttrykk for at dei føler ei stor takksemd for den store innsatsen som lag og organisasjonar og dei mange frivillige støttespelarane gjer i lokalsamfunnet.
- Difor kjennest det veldig godt – no når me med rak rygg går inn i Alver kommune, å  senda ei helsing til kulturlivet og frivilligheita, som er limet i lokalsamfunnet. Tusen takk, alle saman, seier Radøy-ordføraren.

Spanderte kake
Formannskapet nytta også høvet til å spandera kake for å gratulera Jon Askeland som den første fylkesordføraren i Vestland.  Ein av medlemane i kommunestyret i Radøy, Sara Hamre Sekkingstad, blir den første ordføraren i Alver kommune.


Sist oppdatert: 23.09.2019
Publisert: 23.09.2019