HeimNyheiterGaranterer læreplass i helsearbeidarfaget

Garanterer læreplass i helsearbeidarfaget

Liker du å arbeide med menneske og ønsker ein meiningsfull jobb der du er sikra jobb i framtida? Då kan du søke ein av våre ledige stillingar som lærling i helsearbeidarfaget.
Publisert: 25.01.2023
Sist endra: 25.01.2023

Frå og med inntak i 2023 har Alver kommune læreplassgaranti i helsearbeidarfaget. Elevar som har fullført VG1 og VG2 helsearbeidarfaget kan søke læreplass.

Trykk her for meir info om ordninga og for å søke læreplass

Læretida

Som lærling i Alver kommune får du læretid i to av dei tre tenesteområda: heimetenesta, sjukeheimstenesta og habiliteringstenesta. Du kan også søke om læretid på sjukehus.

Gjennom læretida får du god oppfølging av ein av våre instruktørar, fagleg leiar og Opplæringskontoret for Nordhordland. Vi arrangerer fagkveldar med både fagleg og sosialt innhald.

Er dette noko for deg?

Då kan du sende søknad via:

Søknadsfrist er 1. mars.

Har du spørsmål?

Då kan du kontate ein av dei faglege leiarane i helsearbeidarfaget: