HeimNyhendeFrivilligprisen til Norvald Elvik!

Frivilligprisen til Norvald Elvik!

Han får prisen får sitt omfattande og mangeårig frivillige arbeid. Med sitt lune og varme vesen er Norvald Elvik ein person som fort vert lagt merke til, kjem det fram i grunngjevinga. Ordførar Jon Askeland overrekte prisen på Frivillegsentralen i Radøy sin tradisjonsrike julefest.

Norvald Elvik har mellom anna engasjert seg innan idrett, i korps, og som medlem i styret i Frivilligsentralen i Radøy, der han no er leiar. Prismottakaren har også vore mangeårig middagskjørar for sentralen (23 år).

Norvald Elvik er leiar i eldrerådet i Radøy, han har vore med i styret i LHL Radøy i 26 år, styremedlem i Lions Radøy, har vore med i styret i AOF Nordhordland, og i Samorg. i Nordhordland. Han har også fartstid i styret i Radøy AP og i Sæbø arbeidarlag.


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 14.12.2018