HeimNyhendeFrivilligprisen til Kristoffer Toska

Frivilligprisen til Kristoffer Toska

Dagavdelinga ved Velferdssenteret set utruleg stor pris på Kristoffer og er veldig takknemleg for det han bidreg med. For dagavdelinga er han ein «handyman» dei kan be om det meste. Kristoffer er praktisk, omsorgsfull og snill, blir det framheva i juryen si grunngjeving.

Ein dag i veka har han kome inn med godt humør og hjelpande hender, og bidrege til at brukarane får eit meir individuelt tilbod.

Han er ein «grepa kar» som dagavdelinga seier dei gjerne skulle ha klona, for å få fleire som han. Det blir sagt om Kristoffer at han tolmodigheita sjølv. Han tar ofte brukarane med på biltur og han viser dei praktiske ting som å laga båtknutar.

Skapar god stemning

På hans dag på dagavdelinga hentar han brukarane og kjører dei heim att. Karane på dagstova synest det er stas å ha Kristoffer med. Han har som oftast ein vits på lager, og det er god stemning med han rundt bordet.

Utanom dette har han i ein periode vore besøksven i helga for ein av brukarane som trengde litt ekstra oppfølging. Kristoffer Toska har også vore i mange år vore med på middagskjøring for frivilligsentralen.

Kunstverk

Frivilligprisen er eit kunstverk – i år eit maleri laga av Radøy-kunstnaren Elna Bauge, pluss eit diplom, som vart overrekt av fungerande ordførar Jostein Borlaug under frivilligsentralen sin julefest. Han sa at prisen er ei takk og ei understreking av dei beste verdiane i samfunnet vårt.

- Folk som gjer ein frivillig innsats, anten gjennom frivilligsentralen eller i lag og organisasjonar, er eit svært viktig fundament i samfunnet, sa Borlaug.

 - Klart det er kjekt å bli sett pris på, seier Kristoffer Toska, som legg til at han finn glede i det han gjer.

I si helsing på frivilligfesten understreka også Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad den store verdien og betydninga av frivillig innsats.

Lim i lokalsamfunnet

Ho sa at «frivilligheita» er limet i lokalsamfunna våre. Utan den frivillige innsatsen blir det ikkje mykje igjen av kulturlivet, idrettsarbeidet eller helse- og solidaritetsarbeidet.
Sekkingstad framheva mellom anna frivilligsentralen si middagskjøring.
- Det er takka vera dykk at mange heimebuande får mat på bordet kvar dag. Jobben de gjer er heilt avgjerande for lokalsamfunnet. De møter mange med eit smil, ein samtale, og bidreg til å lysna opp kvardagen til dei som sit heime åleine, sa Alver-ordføraren.


Sist oppdatert: 17.12.2019
Publisert: 17.12.2019