HeimNyhendeKven bør få Frivilligprisen 2019?

Kven bør få Frivilligprisen 2019?

Frivilligprisen skal gå til ein initiativrik person som gjennom sitt frivillige engasjement har betra trivsel og livskvalitet for andre innbyggjarar i kommunen.

Alle privatpersonar, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Radøy kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet.Prisen er eit diplom og eit kunstverk.

Framlegg kan sendast innan 10.november til: Frivilligsentralen i Radøy, Radøyvegen 1690, 5936 MANGER eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no 


Sist oppdatert: 03.10.2019
Publisert: 03.10.2019