HeimNyhendeFramleis kan du melda deg på til UKM

Framleis kan du melda deg på til UKM

Årets lokalmønstring i Nordhordland er lørdag 9.mars, og denne gongen vert UKM arrangert på Leiknes barneskule i Lindås. Det er gratis å vera med.

UKM står for «ung kultur møtes», og er ein arena der ungdommar kan visa fram talentet eller interessa sin. Her er det rom for stor breidde av innslag. Du kan stilla med kunst, song, dans, opptre med band, visa sjølvlaga film, engasjera deg i media eller vera konferansier. Og mykje, mykje meir.

Eige husband i år
På årets UKM-mønstring i Nordhordland er det eige husband, slik at alle som skal synga kan bli backa opp med profesjonelle musikarar i staden for playback.

UKM Nordhordland har fleire unge arrangørar som er med å planlegga mønstringa og set ungdomspreg på heile arrangementet.

UKM er ikkje ein konkurranse, men etter lokalmønstringa vert nokre innslag frå kvar kommune sendt vidare fylkesmønstringa, som i år er på Os. Her samlast ungdommar frå heile fylket frå fredag til søndag, framfører sine innslag, og rett og slett har ei kjempekjekk helg saman med mange andre ungdommar.


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 06.02.2019