HeimNyheiterFilmpris til Alver

Filmpris til Alver

Alver kommune har vunne 1. pris i ein internasjonal konkurranse.
Publisert: 19.01.2022
Sist endra: 19.01.2022
Alver kommune har vunne 1. pris i ein internasjonal konkurranse med ein film som har blitt laga i samband med pilotprosjektet RIGHT Mongstad! 

Filmen får fram kor viktig industrien på Mongstad er for regionen vår når det gjeld tradisjon, stoltheit, velferd og omstillingsevne.
 
 
RIGHT Mongstad-prosjektet er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, EU/Interreg og seks andre Nordsjøland, og rettar søkelys på kompetanse i det grøne skiftet.
Tusen takk til Christer Steffensen i Steffensen film, kommunikasjonsrådgjevar i Alver kommune, Gro Anette Fanebust, og næringsrådgjevar i Alver kommune, Tove Hagenes, som har laga filmen. Og ikkje minst, tusen takk til tilsette i bedriftene på Mongstad, som er med i denne flotte filmen.
 
Filmen vil bli vist på North Sea Conference 23. – 25. mai i Brügge i Belgia.