HeimNyhendeFeira eldredagen i Radøy i fin stil

Feira eldredagen i Radøy i fin stil

Leiar i Eldrerådet Norvald Elvik leia samværet på lun og behageleg vis, og vart seinare takka av fungerande ordførar Jostein Borlaug for sin innsats som leiar i eldrerådet i Radøy.

Om lag 50 personar møtte fram, og fekk ein fin ettermiddag med variert program. Kjell Dahle frå Austrheim heldt kåseri, med muntert blikk både på arbeidsliv og pensjonistliv. Elevar frå kulturskulen hadde fine innslag, og Else Marie Skartveit Dale hadde eit ettertankens ord. Nytilsett leiar på Frivilligsentralen presenterte seg og arbeidet Frivilligsentralen driv. Kommunalsjef for helse og omsorg helsa, og snakka om endringar inn i Alver kommune. Sist, men ikkje minst kom ei lita gruppe frå Manger Old Star Brass og framførte Alver-fanfaren. Festlyden var så imponert over den at den måtte spelast to gonger!

Som alltid var det god mat på Smith´n og drøsen rundt borda tyda på at folk hyggja seg i lag. Allsongen fekk godt tonefølge av Magnar Klausen på trekkspelet.

Dette var siste gongen Eldredagen vart markert i Radøy kommune. Neste gong er det som Alver kommune. Det kom tydeleg til uttrykk at dette er eit arrangement ein vil gjere alt for å vidareføra på Manger også til neste år. 


Sist oppdatert: 03.10.2019
Publisert: 03.10.2019