HeimNyhendeFår asfalt på nedslitne Radøy-vegar

Får asfalt på nedslitne Radøy-vegar

Fylkeskommunen har løyvt midlar til asfaltering både på strekninga frå Gradnatun til Rossneset, og på heile Haukåsen frå Ishuset til Fv 565 ved Emigrantkyrkja
Det skal så avgjort smak asfalt på Radøy-vegane også i år. Dei folkevalde i kommunen har gjort eit krafttak for fast dekke på kommunevegane i fleire år, og no kjem det også eit godt bidrag på fylkesvegane våre.
Ordførar Jon Askeland gler seg stort over at fylket i år asfaltererer på to av dei mest nedslitne fylkesvegane.
- Dette trengst verkeleg. Radøy kjem godt ut, no er eg bra nøgd, seier Radøy-ordføraren.


Sist oppdatert: 10.04.2019
Publisert: 10.04.2019