HeimNyhendeEkstraordinær tilskotsordning for lag og organisasjonar 2019

Ekstraordinær tilskotsordning for lag og organisasjonar 2019

Vilkår for ordninga
Ikkje-kommersielle lag og organisasjonar heimehøyrande i Radøy kommune eller organisasjonar med anlegg i Radøy kommune kan søkja om eingongstilskot til investeringar i bygg, anlegg og utstyr som er allment tilgjengeleg.

  • Det vert sett av 1 500 000 kr til investeringar i bygg og infrastruktur på bygg, anlegg, turstiar m.m. som er allment tilgjengeleg. Av desse vert 1 000 000 kr sett av til større tiltak med 200 000 kr som maksimum løyving pr tiltak, og  500 000 kr til mindre tiltak med 50 000 kr i maksimal løyving pr tiltak.
  • Det vert sett av 500 000 kr til song/musikk med øvre løyving på 75 000 kr per lag.

Søknaden skal innehalda ein omtale av tiltak og budsjett for tiltaket. Det er ikkje eige skjema for tilskotsordninga. 

Søknadsfrist er 1. september. 

Søknad skal sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger 
eller på e-post: postmottak@radoy.kommune.no.

Har du spørsmål til ordninga, ta kontakt med Bente K. Hervik tlf. 56 34 90 12 (etter 22. juli).

 


Sist oppdatert: 25.06.2019
Publisert: 25.06.2019