HeimNyhendeInformasjonsmøte om eigenberedskap

Informasjonsmøte om eigenberedskap

Måndag startar den landsdekkjande Eigenberedskapsveka. Saman med politiet,  Nordhordland brann og redning, Sivilforsvaret, Vestland Sivilforsvarforening og Røde Kors inviterer vi til informasjonsmøte om eigenberedskap.

Her gir vi gode tips til kva du kan gjere for å vera betre rusta om vatn, straum og internett blir borte ein periode. Me vil og fortelja om beredskapsarbeidet i Alver kommune.

Kvar og når?

  • Biblioteket på Manger:Tysdag 29.oktober kl.19
  • Biblioteket i Knarvik: Onsdag 30.okt kl.19

Arrangementa er gratis, og det er inga påmelding.

Kvifor arrangerer me informasjonsmøte?

Målet med Eigenberedskapsveka 2019 er å auka kunnskapen til folk om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigen beredskap.

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er me som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Me treng di hjelp

For oss som jobbar med beredskap er DU ein viktig del av beredskapen i Noreg. Om du er førebudd på å ta vare på deg sjølv (og dei rundt deg) i ei krise, utgjer du ein viktig forskjell for beredskapen i landet. Då bidreg du nemleg til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritera dei som er i størst naud.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lesa på sikkehverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Ståle Juvik Hauge, rådgjevar samfunnstryggleik og beredskap, tlf. 906 54 594 eller stale.hauge@lindas.kommune.no.


Sist oppdatert: 28.10.2019
Publisert: 28.10.2019