HeimNyhendeDavid Johnsens fond

David Johnsens fond

Fondet er skipa i medhald av skomakarmeister David Johnsens testamente, og har til føremål å yta hjelp til ungdom i Radøy kommune til vidaregåande skule og studier, i første rekkje innan handverks-, handels- og landbruksfag. Personar som høyrer til David Johnsen si slekt og som er fødd i Radøy kommune har førerett til midlar frå fondet dersom dei elles fyller vilkåra. Det vert delt ut ein eller fleire legatposjonar à kr. 3.000,-.

Statuttar David Johnsens fond

Søknadsskjema David Johnsens fond

Nærare opplysningar og søknadsskjema får ein ved å ta kontakt med Radøy kommune, tlf. 56 34 90 00 eller send epost til postmottak@radoy.kommune.no


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 16.01.2019