HeimNyhendeByggjesaker i overgangen til Alver

Byggjesaker i overgangen til Alver

Vi stenger arkiva til Lindås, Meland og Radøy 20. desember.

Dette gjer til at både inngåande og utgåande post stoppar opp og vil føre til at vi treng lenger tid til å behandle byggjesøknadar.

Har du sendt ein søknad til Lindås, Meland eller Radøy før 31. desember og lurar på kva som skjer med søknaden din? Du treng ikkje gjere noko som helst. Vi sørgjer for at søknaden din blir vidaresendt til og handsama i Alver.

Skal du nå oss etter 1. januar 2020? Bruk denne e-postadressa: post@alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 18.12.2019
Publisert: 18.12.2019