HeimNyhendeBruk fem minutt på undersøking om helse og sjukdom

Bruk fem minutt på undersøking om helse og sjukdom

 

Norge ønskjer å redusera for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjera at helseastyresmaktene kan følgja med på utviklinga av desse sjukdommane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjarte- og karsjukdommar. 

 - Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalte helseindikatorar. Dei kan fortela korleis framtidig helse vil bli, forklarar professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga  som skal foregå ved hjelp av mobilen.

- Undersøkinga «Helse og sykdom» vil gi styresmaktene viktig informasjon på ein enkel måte, slik at dei kan setja i gang tiltak som betrar folkehelsa, forklarar professoren.

- Vi håpar så mange som mogleg veljer å svara. Det er vår framtidige helse det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige! understrekar professor Gram. 

  • Undersøkinga Helse og sykdom er Norges første nasjonale undersøking som planlegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar. 
  • Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.

 


Sist oppdatert: 18.10.2019
Publisert: 18.10.2019