HeimNyhendeBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

Kva vegar som er kommunale finn du på https://www.vegvesen.no/vegkart

Førespurnader om brøyting eller strøing på kommunale vegar skal rettast til kommunen!

  • Telefon kvardagar kl. 08.3015.00: 56 34 90 00
  • Vakttelefon kl. 15.00-08.30 og helg: 482 87 182
  • E-post vert lest i sentralbordet si opningstid.

 Vintersesongen i Radøy kommune er perioden frå 15. oktober til 15. april.

Om vinteren må du som går og køyrer rekna med dårlegare veg- og føretilhøve. Målet for det kommunale vegnettet er at vegane i størst mogleg grad skal vera framkomelege for gåande som er skodde for vinterføre og normalt vinterutstyrte personbilar.

 Kommunevegane er delt inn i vinterdriftsklassane; A, B og C (Meir informasjon om dette på kommunen sine nettsider): 

  • A vegar skal vere gjennombrøyta til kl. 06:00.
  • C vegar vert gjennombrøyta fortløpande etter dette.
  • Laurdag gjenombrøyta til kl.0700 og på søndag og helligdager til kl.0900.

Med gjennombrøyta meiner ein at vegen skal minst ha eit køyrefelt gjennombrøyta før ein startar med fortau og anna areal.

I tida mellom kl.22.00 og kl.06.00 må trafikantane akseptera vanskelegare køyretilhøve enn om dagen. Ved særleg store snømengder kan det førekoma at vegar ikkje er å sjå på som framkomelege i denne tidsperioden.

Kva skal du som innbyggjar vere særskilt merksam på?

  • Det er viktig å tenkje på at brannbilar, sjukebilar og renovasjonsbilar skal kunna koma fram utan problem. Du som grunn- og bileigarar må ta omsyn og rydde sideareala i vegen for bilar og anna utstyr for at brøytemannskapa skal kunna gjera jobben sin.
  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Det er ditt ansvar å rydda vekk snø som blir liggande att i avkøyringa di når vegen er gjennombrøyta.
  • Brøyting tar lengre tid i sterkt og vedvarande snøvêr.
  • Me brukar lite salt og i hovudsak strøsand på det kommunale vegnettet, men fylkes- og riksvegane blir salta. Ver merksam på at salt ikkje smeltar isen når det er kaldt vêr (kaldare enn −5 grader).
  • I sterk vind kan strøsanden blåse av vegen.
  • Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Når desse prognosane slår feil ut, kan det ta lengre tid før arbeidet kjem i gang.

Til slutt ei viktig melding til alle

Det er vinter i Noreg! Det fører til at vegane kan vere glatte, og du må alltid køyra etter forholda!


Sist oppdatert: 07.11.2019
Publisert: 07.11.2019