HeimNyhendeBokbåten kjem til Radøy!

Bokbåten kjem til Radøy!

Du kan besøka bokbåten følgjande tider: 

20. mars
Toska 17.30-19.00. Program ca. 17.30.

21. mars
Bøvågen kl. 09.00-10.30. Program ca. kl. 09.00.
Nordangervåg kl. 17.30-19.30. Program ca. kl. 17.30.

26. mars
Sletta kl. 09.00-10.30. Program ca. kl. 10.30.

Kulturprogrammet  - Gudespor – forteljerkunst, undring og filosofi
Me får høyra mektige vakre og morosame  myter frå den norrøne og greske gudeverda. Gjennom forteljingane får barn og vaksne møte forunderlege skapningar som alvar, underjordiske vesen, gudar, gudinner og urgamle jotnar.

Filosofen fabulerer, undrar og filosoferer samen med publikum.

Fantasi møter verkelegheit og fremjar nye perspektiv og spørsmål.

Framsyninga kombinerer forteljing og filosofisk samtale på en nyskapande og levende måte. Publikum er aktive, dei får sleppe kreativiteten og fantasien laus, og tankane deira vert utfordra og stimulert på mange vis. Det er ynskje om å gje barn og vaksne en meiningsfull og ugløymeleg oppleving.

Marianne Stenerud er ein kreativ og røynd forteljarkunstnar. Ingunaya Myhre er ein leikande og spørjande filosof med tru på nærleik i samtale med barn og vaksne.

Framsyninga høver for alle frå  4-04 år.

 

 


Sist oppdatert: 13.03.2019
Publisert: 13.03.2019