HeimNyheterTreng barnet ditt barnehageplass?

Treng barnet ditt barnehageplass?

Alle born med rett til plass som søkjer innan 1. mars får barnehageplass. Søknader som kjem inn etter fristen eller søknader for born som ikkje har rett til plass, vert handsama etterkvart som plassar vert ledige.

Våren 2019 vert det oppstart av arbeid med ny barnehage på Bø. Barnehagen flyttar drifta midlertidig til Manger (i Solhallbygget) og skal ha si drift der til ny barnehage står klar våren 2020. Dato for flytting til Manger er ikkje klar enno.

Austebygd barnehage vil med atterhald om ferdigstillt ombygging kunna ta inn eittåringar frå hausten 2019. 

Alle må søkja om plass i minimum  to ulike barnehagar.

Dersom du står på venteliste må du senda ny søknad innan 1. mars.

Søknadsskjema for barnehageåret 2019/2020.


Sist oppdatert: 09.01.2019
Publisert: 09.01.2019