HeimNyhendeAsfaltering måndag - Listveitvegen blir stengt

Asfaltering måndag - Listveitvegen blir stengt

Det blir ikkje mogleg å kjøra bil på strekninga medan arbeidet pågår og inntil tre timar etter arbeidet er avslutta. Dette for å få best mogleg resultat på det nylagde dekket.

Mykje av den kommunale Listveitvegen vart asfaltert før sommarferien, no skal resten av vegen også få asfalt, inkludert kryssområdet ut mot Radøyvegen (fylkesvegen).

Teknisk drift i Radøy kommune opplyser det vil vera omkjøring for personbilar via bustadfeltet på Bø. Denne omkjøringa er stengt med bom til vanleg, men blir opna for trafikk måndag.


Sist oppdatert: 20.09.2019
Publisert: 20.09.2019