HeimNyheiter2000 hyllemeter med historie

2000 hyllemeter med historie

I ein fjellhall i Bergen ligg historia til dei gamle Alver-kommunane.
Publisert: 15.12.2022
Sist endra: 15.12.2022

Sidan samanslåinga har Alver kommune og Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA Hordaland) gjort ein stor jobb for å ta vare på arkivverdig dokumentasjon frå kommunane Lindås, Meland og Radøy, samt historiske elektroniske arkiv lagra lokalt hos IKT Norhordland.

– IKA Hordaland har vore ein uvurderleg samarbeidspartnar i dette viktige arbeidet. Dei har kome ut til oss, henta og pakka ned uordna arkiv slik dei stod i dei gamle kommunane, fortel fagansvarleg for arkiv i Alver, Irene Rydland Haukeland.

Kva betyr dette for deg som innbyggjar?

For innbyggjarar betyr dette at kommunal forvaltningsdokumentasjon og rettsdokumentasjon er sikra i godkjent depot, slik at det blir tatt vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida og for innbyggjarane. Innbyggjarane sin rettstryggleik og deira demokratiske rettar blir med andre ord styrka.

Kva betyr dette for Alver kommune?

Dette betyr at Alver kommune ikkje lenger har ståande papirarkiv med verdi for langtidsbevaring i kommunen, med nokre unntak. Alt arkivverdig papirarkiv er trygt lagra hjå kommunen sitt depot, IKA Hordaland, i deira lokalar, for vidare systematisk ordning, registrering, bevaring og tilgjengeleggjering. Dette er viktig med tanke på sikring samt rask og god attfinning av historisk arkivverdig dokumentasjon.

Historiske elektroniske arkiv som har vore lagra lokalt hjå IKT Nordhordland vert i løpet av året deponert til IKA Hordaland, i tråd med Alver kommune sin deponeringsplan,- der IKA Hordaland tek uttrekk og overfører dette til sine system for langtidsbevaring. Både analogt og digitalt arkivmateriale er blitt sikra for ettertida.

Lovkrav

Med dette prosjektet har kommunen også oppfylt krav i lovverket, jf. arkivlova § 6, forskrift om offentleg arkiv § 18.

Trykk her for å sjå info om avlevering og deponering på Arkivverket sine sider

Fakta
  • Arkiv som er deponert til IKA Hordaland er dokumentasjon som kommunane til ei kvar tid har arkivert, fram til og med 2019.
  • Frå 01.01.2020 vart Alver kommune heildigital, som betyr at arkivverdig dokumentasjon jf. arkivlova § 1 og forskrift om offentleg arkiv § 9 - skal arkiverast i digitale verktøy.
  • Alver kommune er framleis eigar av arkivmaterialet, sjølv om det er deponert til IKA Hordaland.
  • Deponert papirarkiv frå Lindås, Radøy og Meland, saman med dei historiske kommunane Alversund, Hordabø, Manger og Sæbø, utgjer til saman 2279 hyllemeter arkiv.
  • Arkiv for perioden 1837 til og med 1990-talet er ferdig ordna og registrert på Arkivportalen.no
  • IKA Hordaland sender elektroniske kopiar av arkiv tilbake til kommunen på førespurnad frå arkivpersonale i Alver kommune. Det er også mogleg å besøke Interkommunalt arkiv på lesesal, for å sjå på administrativt arkivmateriale.
  • Trykk her for å lese meir om IKA Hordaland
  • Trykk her for å lese meir om digitalisert arkiv IKA Hordaland har tilgjengeleggjort frå Alver-kommunane