Døgnopne vakttenester
Førebyggjing av sjølvskading og sjølvmord
Har du eller nokon du kjenner tankar om sjølvskading og/ eller tankar om sjølvmord og treng nokon og snakke med?
Då kan du kontakte:
- 113 - Ved livstruande situasjonar
- 116117 - Nordhordland legevakt - Ved akutte situasjonar
- Fastlegen din – fastlegen har ein augeblikkeleg hjelp funksjon på dagtid
Kommunepsykolog
Om du ønskjer å snakke med psykolog, har vi psykolog både til vaksne og til barn. Psykologane har kontor i Helsehuset i Knarvik, 2. etasje.
- Måndag - fredag, klokka 08.30-15.00
- Telefon 94 51 18 54
Avdeling for psykisk helse og rus
Vi har tre kontor, Frekhaug, Knarvik og Manger.
- Måndag-fredag, klokka 08.30-15.00
- Telefon Frekhaug: 99 49 76 05
- Telefon Knarvik: 45 37 58 91
- Telefon Manger: 99 40 55 05
Helsestasjon for ungdom (HFU)
Opningstider HFU Alver kommune:
- Knarvik, Helsehuset, Kvassnesvegen 40, 3. etasje: Onsdagar klokka 15.30-18.30
- Frekhaug, Havnevegen 41: Tysdagar klokka 15.30-18.30
Du kan ikkje ringe til HFU, det er drop-in.
Du kan og ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din.
Trykk her for kontaktinformasjon skulehelsetenesta
Hjelpetelefonar
- Mental helse; 116 123
- Røde kors; 800 33 321
- Kirkens SOS; 22 40 00 40
Nettstader
- Trykk her for rådet for psykisk helse
- Trykk her for landsforeningen for etterlatte ved selvmord
- Trykk her for helsenorge.no
- Trykk her for Mental Helse
Vald og overgrep
Det finst fleire du kan ta kontakt med dersom du treng hjelp eller dersom du har mistanke om at andre vert utsett for vald eller overgrep.
Trykk her for informasjon om kor du kan få hjelp ved vald og overgrep.
Krisesenteret i Bergen
Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til. Informasjon på andre språk finn du her: Languages - Dinutvei.no
Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter for Bergen og omegn.
Trykk her for informasjon om krisesenteret
Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:
- Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
- Beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing
Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.
- Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
- Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
- Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakte senteret
Kontaktinformasjon til kommunens krisesenter:
Krisesenter for Bergen og omegn
Døgnåpent telefonnummer: 55 31 50 50
E-postadresse: krisesenteret@bergen.kommune.no
Nettside: Krisesenter for Bergen og omegn
Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:
Legevakt
- Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
- Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
- Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom
Akuttberedskap i barnevernstenesta
Ved akutt behov for hjelp frå barnevernstenesta kan du ringe: 45 37 56 69.
Vakttelefonen er open frå kl. 15.35 – 08.00 kvardagar og døgnopen i helgar.
Kontakt til denne telefonen skal kun nyttas for situasjonar som krev akutt inngripen. For øvrig kontakt skal barneverntenesta kontaktast i vanleg opningstid kl. 08.00 – 15.30.
Trykk her for kontaktinformasjon på dagtid
Psykososial akutthjelp
Treng du psykososial akutthjelp?
Alver kommune har Psykososialt kriseteam som gir omsorg og støtte til familiar og enkeltindivid som har opplevd brå og uventa hending/krise. Teamet blir kontakta via andre tenester og naudetatar.
Psykososialt kriseteam har ikkje beredskapsvakt, men tek kontakt så snart som mogleg for vurdering og oppfølging i akutt fase inntil dei ordinære oppfølgingstenestene tek over.
Kontaktinformasjon
Dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.
Kompetansesenter mot seksuelle overgrep
Landsdekkjande telefon for incest og seksuelt misbrukte.
Telefon: 800 57 000
Trykk her for å gå til nettstad
Telefon for Incest og seksuelt misbrukte
Landsdekkjande telefon for incest og seksuelt misbrukte.
Telefon: 800 57 000
Gratis frå fasttelefon og Telenor mobil.
Trykk her for å besøke nettstad
Valdtektsmottaket
- Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 56 87 60
Vakttelefon for veg
Send e-post til post@alver.kommune.no eller ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Vakttelefon for veg (etter arbeidstid)
Telefon kvardagar klokka 09.00–15.00: 56 37 50 00
- Vakttelefon kveld og helg: 56 37 51 51
Andre meldetenester for veg:
- Statens vegvesen: Ring 175 for å melde inn feil på fylkesveg, riksveg eller europaveg.
- BKK: Her kan du melde inn feil på veglys.
Vakttelefon for vatn og avløp
Send e-post til post@alver.kommune.no eller ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Vakttelefon for vatn og avløp (etter arbeidstid)
- Vakttelefon kveld og helg: 56 37 51 51
Ønskjer du kontakt med ein av dei tilsette på teknisk drift?
Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Vakttelefon for bygg, anlegg og elektro
Vakttelefon kveld og helg: 56 37 51 51.
Viltpåkjørsel
Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsle. Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyra på vilt, det viktigaste er å varsle om ulykka.
Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka. Stadfesting får ein hjå kommunen.
Sjukt eller skadd vilt
Ring kommunen på 56 37 50 00 dersom du kjem over sjukt- eller skadd vilt i nærområdet eller på tur. Kommunen vil raskt avgjere om viltet må avlivast, slik at ein unngår at viltet lid unødig eller gjer skade på folk eller eigedom.
Dersom du ikkje får tak i kommunen, ring politiet på telefon: 02800
Veterinærvakt
Ring eitt av nummera under, og be om informasjon om kven som har vakt.
Kvar? |
Kven? |
Telefon |
Knarvik Dyreklinikk |
Lars-Fredrik Sæthre Inge Midtveit |
56 35 45 75 |
Seim veterinærkontor | Hallgrim Andersen | 56 35 10 50 |
Totland veterinærkontor | Carl Aage Wangel |