HeimHøyringar og kunngjeringarReferat frå Infomøte 15082019_reguleringsplan Manger Barneskule

Referat frå Infomøte 15082019_reguleringsplan Manger Barneskule

Innleiing:


Kommunalsjef oppvekst Olaf M. Hella innleia møtet med å greie ut om bakgrunn og behov for utviding av skulen, og kva som har løyst ut behovet for planarbeidet:

  • Ved Manger barneskule er det for liten plass til elevane.
  • I fjor blei der sett opp ein midlertidig paviljong for å ha plass nok innandørs. Elevtalet ved skulen er aukande, på enkelte av trinna er det i dag to klassar.
  • Storleiken på uteområda er og avgrensa. Krav innanfor miljøretta helsevern seier at for middels store skular (100-300 elevar), skal utearealet vera på ca. 10 000 m2 eller 50 m2 pr. elev. Ved Manger skule har ein omtrent halvparten av dette.
  • For lite uteareal i dag og trong for utbygging av bygningsmassen tilseier at skuletomta er for liten. Areal nytta til skuletomt strekk seg allereie utover det som er regulert til offentleg føremål. Dette tilseier at det er nødvendig å utarbeida ein reguleringsplan for å sikra skulen meir areal, før ein kan setja i gang med utviding og utbygging.

Konsulent frå Norconsult skildra deretter den planmessige situasjonen for skuleområdet og vidare om planprosessen:

Plansituasjonen vil seie planstatus i dag for området og kva som må gjerast av planarbeid for å legga til rette for at skulen kan utvidast. Det blei skissert nokre utvidingsretningar for skulen og tankar om tilkomst, parkering og trafikkareal.

Arbeidet med reguleringsplanen er i ein oppstartfase eller «tenkefase». Informasjonsmøtet vart halde for å informera og for å få tilbakemeldingar i denne tidlege fasen av planlegginga. Det er ynskjeleg at planprosessane skal vera opne for innbyggarane og at alle som ynskje kan koma med innspel og merknadar til planarbeidet så tidleg som mogleg. Planprosessen skal avklara moglegheitar innanfor plangrensa; finna ut kva som kan realiserast.

Det pågår parallelt ein moglegheitsstudie for utviding av skulen; både nybygg og utbetring/utviding av uteområda blir vurdert i den.

Etter møtet 15.8. går arbeidet over i ein «konkretiseringsfase», der ein teiknar ut forslag til konkrete løysingar. Når kommunen har valt løysing vert det laga utarbeidd planmateriale/teikningar. Dei same som blei varsla no ved oppstarten av arbeidet, vert då varsla på nytt ved offentleg høyring, og får då anledning til å uttala seg på nytt – om eit konkret framlegg. Innspela som kjem vert lagt fram saman med planmaterialet til politisk handsaming.

Punktvis oppsummering av innspela frå forsamlinga:

Det var stort spenn i detaljeringsnivået på tilbakemeldingane, frå tankar om framtida og kva som vert utviklinga i nye Alver kommune, til detaljar om dagens fasilitetar i skulebygningane:

Tilkomst, parkerings- og trafikkareal

  • Hovudtilkomsten frå Mangersnesvegen og parkeringsmoglegheitane er uoversiktleg, og vert opplevd kaotisk ved levering og henting av ungar. Krysset ved fv. er og uoversiktleg. Det vert opplevd utrygt for elevane og problematisk for naboar, særleg ved tilstellingar som første skuledag. Det er små utvidingsmoglegheitar ved denne tilkomsten.
  • Det foregår og levering/henting via bustadvegen Kyrhovden. Det er ikkje hensikta at det skal skje, og det er heller ikkje tilrettelagt for det. Vegen er til dels smal, utan fortau. Bebuarar skal fleire gonger ha etterspurt fartshumpar utan at det har kome. Det er få parkeringsplassar ved skulen langs Kyrhovden, naboar opplever dette som problematisk og dels farleg, særleg i mørket om vinteren.  Nokre av innbyggjarane i Kyrhovden uttalte at det var like stor skule-trafikk her som frå Mangersnesvegen.
  • Dersom tilkomsten frå Mangersnesvegen hadde vore betre, kunne det ha avlasta Kyrhovden.  Problemet her at det kjem så mange på same tid, at det er uoversiktleg mellom anna på grunn av det er bakke ned mot innkøyringa frå aust, og at trafikkarealet er dårleg planlagt.
  • Parkeringsplassar langs Kyrhovden, no nytta av skulen (tilsette og foreldre) var tidlegare brukt som gjesteparkering for innbyggjarane i Kyrhovden.

Er eit utvida areal ved dagens skule stort nok for utviding av skulen?

  • Det blei stilt spørsmål til om skulen har nok areal sjølv om den blir utvida innanfor den varsla plangrense. Det vart svart at dersom ein inkluderar areal regulert til friområde og leik innanfor den varsla plangrensa kjem ein opp i ca. 10 000 m2.

Bruken av friområde

  • Det vart stilt spørsmål om friområde eigentleg er eigna for uteareal til skulen. Det blir større avstandar frå nord til sør enn i dag, det vart stilt spørsmål om ein kan trenge fleire tilsette til å ha kontroll på elevane. Det er terrengmessige utfordringar; bratte skrentar og høgdeforskjellar. Dette vil krevje tiltak som rampar/muring for å oppnå universell tilkomst frå skulebygget, og gjerde mot stup.
  • Er det lov å ta av dette friområde til uteområde for skulen, som eigentleg høyrer til det kommunale bustadfeltet Kyrhovden? Dette skal planarbeidet finna ut av.
  • Kor skal eventuelle nybygg koma?  Dette skal planarbeidet og moglegheitsstudien finna ut av. Det er ikkje ynskjeleg med nybygg for tett på private eigedomar.
  • Blir bygg og uteområde universell utforma? Ja i den grad det lar seg gjera i ein bygd situasjon. Nybygg skal vera universelt utforma. Friområda er det tenkt skal få universell tilkomst. Det blei påpeika at universell utforming er kostbart.

Andre innspel

  • Blir kostnadar for realisering av tiltaket vurdert i reguleringsplanen. Ja, planforslaget vil innehalda ein oversikt på kostnadar.
  • Kan den avgrensa skulekapasiteten påverka/hindra utbygging av nye bustadområde i Manger? I prognosar for framtidige elevtal ved Manger barneskule er det medrekna dei nye byggeområde som er lagt ut i kommuneplanen.
  • Skal det gjerast noko med gamleskulen? Slik bruken er i dag er det upraktisk og store avstandar for dei minste elevane som må flytta seg mellom gamleskulen og paviljongen.
  • Det store skulebygget har mangel på toalett både for elevar og tilsette, lite tilpassa dei minste elevane.

Framdrift

  • Framdrift på prosjektet, kor tid er utvida skule ferdig? Det er ikkje eit konkret svar på dette. No er me i starten på ein reguleringsplan. Det går ofte eitt år for å få ein godkjent reguleringsplan. Deretter kjem prosjektering, anbod, vedtak om finansiering osv., før ein kan byrja å bygga. Tidsløpet er avhengig av fleire faktorar; ytterlegare tilbakemeldingar til reguleringsplanen, politisk handsaming av planen, prioritering/ politikk i nye Alver kommune og liknande.

Inntrykket frå referent (det vart ikkje gjort nokon form for avstemming/oppteljing i møtet) er at eit klart fleirtal i forsamlinga meinte at den beste løysinga er ein heilt ny skule i staden for å oppgradera eksisterande skule. Og at Radøy kommune bør setja i gang arbeidet med å vurdera ein ny skuletomt. Eit innspel var at dette burde/kunne ha foregått parallelt med reguleringsplanarbeidet for dagens skule.Bygging av ein ny skule vil vere ein viktig «motor» for å få folk til å flytte til Manger.

Det er fleire moment som forsamlinga uttrykte tilseier at det kan vera ei betre løysing:

Ved dagens skule er det trongt, mangel på areal, dårleg tilkomst, gamle bygningar, lite universell tilrettelegging, aukande elevtal, for få klasserom og grupperom, liten gymsal (det er ikkje plass til at alle elevane kan samlast) osv.

Til avslutning vart det uttrykt frå kommunen at det var gledeleg å sjå at så mange engasjerte folk i Manger møtte opp for å få informasjon og for å bidra i planlegginga.

NB: Innspel som kom inn på møtet 15.8 vart notert av Norconsult og er vist til i dette dokumentet. Dette blir inkludert i det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

Innspel:

Om ditt innspel ikkje har kome med eller du har andre meiningar eller merknadar, ber me om at desse vert sendt skrifleg til Norconsult på epost:

sahov@norconsult.no

Helst innan 22, august eller så snart som råd.


Sist oppdatert: 20.08.2019
Publisert: 20.08.2019