HeimHøyringar og kunngjeringarPlansak Toska hyttefelt 12602018000800 - Mindre planendring - Gnr 48 Bnr 7,101 m.fl. - Kunngjering endeleg vedtak

Plansak Toska hyttefelt 12602018000800 - Mindre planendring - Gnr 48 Bnr 7,101 m.fl. - Kunngjering endeleg vedtak

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §12-14 er framlegg til mindre planendring i reguleringsplan for Toska hyttefelt, planid. 126020128000800 handsama i Hovudutval for plan, landbruk og teknisk den 10.04.19, sak  025/2019, med slikt vedtak:

Hovudutval for plan, landbruk og teknisk godkjenner mindre planendring for Toska hytte og bustadfelt Gnr 43 Bnr 7,101 m.fl. -PlanID 12602018000800 , med plankart datert 03.10.18 og føresegner revidert 02.11.2018.

Plandokumenta:
VEDTAK
PLANKART
FØRESEGNER

Om klage og verknad av plan:
Vedtaket kan etter Pbl. §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Radøy kommune seinast innan klagefristen. (3 veker frå kunngjering) Reguleringsplanen fastset bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3- tre år- etter denne kunngjeringa, jf. Pbl. §§ 15-2 og 15-3.

 


Sist oppdatert: 27.05.2019
Publisert: 27.05.2019