HeimHøyringar og kunngjeringarLerøy Vest AS - auka areal lokalitet 11649 - Stolane - høyring

Lerøy Vest AS - auka areal lokalitet 11649 - Stolane - høyring

Lerøy Vest AS søkjer om å erstatte eksisterande stålanlegg med eit plastringanlegg. Anlegget vil ha ei rammefortøying som er 110 x 550 meter. Anlegget vil bestå av 5 merdar. Plasseringa av fôringsflåten er på nordsida av anlegget. Større ramme medfører og at det vert endringar i fortøyingsarrangementet. Arealauken vil skje søraust og nordvest i høve til noverande plassering.

Det vert ikkje søkt om endring i maksimalt tillaten biomasse i anlegget. Produksjonskapasiteten på lokaliteten blir soleis uendra, og vil framleis vera 3120 tonn.

Søknaden ligg ute til offentleg høyring og ettersyn på kommunen si heimeside og servicetorg i perioden 28/5 til 25/6 – 2019.

Eventuelle merknader må leverast skriftleg via elektronisk skjema på kommunen si heimeside, eller

på epost til postmottak

eller via postbrev til

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Frist for innsending av merknad er: 25.06.2019

SØKNAD
Vedlegg 6.1.2 b) Strømrapport Stolane
Vedlegg 6.1.2_Strømrapport_Stolane
Vedlegg 6.1.3 a) Sjøkart Stolane
Vedlegg 6.1.3 b) Kystsoneplankart Stolane
Vedlegg 6.1.3 c) Fortøyningskart Stolane
Vedlegg 6.1.3 d) anleggsskisse Stolane
Vedlegg 6.1.4 Undervannstopografi
Vedlegg 6.1.5 Beredskapsplan
Vedlegg 6.1.9 IK-System
Vedlegg 6.2.1 MOM B Stolane
Vedlegg 6.3.1 Risikokartlegging Stolane
Vedlegg 6.3.2 Miljømål Stolane


Sist oppdatert: 28.05.2019
Publisert: 28.05.2019