HeimHøyringar og kunngjeringarKunngjering godkjent planendring Kvalheimsneset fritidsbustad og serviceområde

Kunngjering godkjent planendring Kvalheimsneset fritidsbustad og serviceområde

Kommunestyret i Radøy kommune godkjente i møte 03.10.2019 planendring for Kvalheimsneset fritidsbustad og serviceområde – PlanID 12602017001000.

KS - vedtak:
I samsvar med Plan og Bygningslova §12-12 godkjenner Hovudutval for plan, landbruk og teknisk i Radøy kommune detaljreguleringsplan for Kvalheimsneset fritidsbustad og serviceområde (PlanID: 12602017000100) med plandokument datert  07.03.2019.

Føremålet med planendringa er å leggje til rette for vidare utvikling av eksisterande område med private fritidsbustader med frivillig utleiedel, samt restaurant, felles anlegg og konferansesenter.

Plandokumenta finnast kunngjort på Radøy kommune  sine heimesider under menyen «Høyringar og kunngjeringar»

Om klage og verknad av godkjent reguleringsplan:
Vedtaket kan etter PBL §1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. PBL §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 - tre år - etter denne kunngjeringa, jf. PBL § 15-2 og 3. 

Klage må vere framsett skriftleg til Radøy kommune innan frist.

Klagefrist er sett til 12.11.2019

Plandokumenta:

VEDTAK
PLANKART
FØRESEGNER
PLANSKILDRING
ILLUSTRASJON


Sist oppdatert: 15.10.2019
Publisert: 10.10.2019