HeimHøyringar og kunngjeringarKunngjering endeleg godkjent kommuneplan for Radøy - temarevisjon 2019

Kunngjering endeleg godkjent kommuneplan for Radøy - temarevisjon 2019

Vedtak


Radøy kommunestyre har i sak KS 018/2019 – i møte 20.06.2019 godkjent revidert kommuneplan med følgjande vedtak:
Kommunestyret godkjende framlegg til revidert kommuneplan, med heimel i plan- og bygningslova §11-15, slik den ligg føre. Grunngjevinga går fram av saksframlegget.

Omtale

Føresegnene er blitt samordna og kommunedekkande. Strandsone og havområda er omfatta av revisjonen - men ikkje arealendring.  Endringar for bustader i LNF medfører no at det er svært mange som vil få gjera tiltak utan å søkja dispensasjon. Det er utarbeidd funksjonell strandsoneanalyse, analyse i LNF spreidd, gjennomgang av byggegrense mot sjø, og samanslåing av plankart og førsesegner.Kulturminner er lagt inn i samsvar med fylkeskommunen sine krav. Mange av dei generelle merknadene som er kome inn, er i hovudsak knytt til tema som ikkje fell inn under denne delrevisjonen.
Det er oppnådd mykje forbetring i kommuneplanen innanfor ramma til temarevisjonen, noko som vil gjera det lettare for innbyggarane. Det vil ikkje vera dispensasjonar for tiltak på dei fleste bustader som i dag ligg på frådelt tomt i LNF. Det er samsvar mellom kulturminneplan og kommuneplan. Det er eit tydeleg regelverk for byggegrense mot sjø og vassdrag.

Plandokument

VEDTAK
PLANKART
PLANFØRESEGNER
PLANSKILDRING

Kommunestyret sitt vedtak er endeleg. (Ref PBL § 11-15 )


Sist oppdatert: 06.08.2019
Publisert: 26.07.2019