HeimHøyringar og kunngjeringarKunngjering 1.gong offentleg høyring og ettersyn detaljregulering Urhaug søndre

Kunngjering 1.gong offentleg høyring og ettersyn detaljregulering Urhaug søndre

Hovudutval for plan, landbruk og teknisk har i møte 18.09.2019 i sak 049/2019 gjort vedtak om å leggje ut detaljregulering for Urhaug Søndre, PlanID 12602019000100 – gbnr 45/6 Manger, til 1.gong offentleg høyring og ettersyn. Føremål med planen er tilrettelegging for bustader med tilhøyrande veg og grøntareal. Tal planlagde nye bustader 6-8 stk. og arealet på planområde er 9757 m2.

Merknader til planframlegget må sendast skriftleg innan 03.12.2019.

For å kome med merknad kan ein nytte elektronisk høyringsskjema på kommunen si nettside, eller e-post til postmottak@radoy.kommune.no

eller sende per brevpost til
Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger

 

Plandokumenter:

PLANKART
FØRESEGNER
PLANSKILDRING
VEDTAK


Sist oppdatert: 30.10.2019
Publisert: 21.10.2019