HeimHøyringar og kunngjeringarHøyring - Lingalaks AS - Søknad om å endre areal på lokalitet Toska Sør

Høyring - Lingalaks AS - Søknad om å endre areal på lokalitet Toska Sør

 

Selskapet har i dag løyve til produksjon av 1560 tonn matfisk av laks og aure på lokaliteten,
og den er godkjent for eit anlegg med 6 bur og fôrflåte. Det har ikkje vore fisk på lokaliteten sidan april 2011.

Selskapet søker no om å legge ut ein 120-meters ring og fôrflåte litt sør for gammal plassering.
Anlegget vil ligge innanfor areal til akvakultur i Radøy sin kommuneplan. Søkar ønskjer å sette ut 100 000 laksesmolt våren 2019, og nytte lokaliteten saman med lokalitetane Jibbersholmane og Toska N til å gjennomføre visning kontinuerleg heile året på Radøy.

Søknaden ligg ute til offentleg høyring og ettersyn i perioden

Eventuelle merknader må leverast skriftleg via elektronisk skjema på kommunen si heimeside, eller på epost til postmottak@radoy.kommune.no
​eller via postbrev  til

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Frist for innsending av merknad er: 19.02.2019

Søknadsdokumenta:
(Papirutgåve vert lagt ut på servistorget i Radøy rådhus.)

Uttale Hordaland Fylkeskommune
Søknadskart
Tillatelse til akvakultur
Straummåling
Internkontroll


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 22.01.2019