Vil vite meir om pendlarane

– Kvar dag pendlar fleire tusen arbeidstakarar inn til og ut av kommunane våre, men kvifor pendlar dei? Dette vil vi finne ut av, seier leiar for fellesnemnda til Alver kommune, Øyvind H. Oddekalv.

Det siste året har Alver-kommunane Lindås, Meland og Radøy fått hjelp frå Hordaland fylkeskommune til å kartleggje pendlarstraumane inn til og ut av kommunane.

Kartlegginga visar at om lag 12.000 kryssar kommunegrensene kvar dag for å komme seg til arbeid. 7.576 pendlar ut av kommunane, 4.385 pendlar inn*. Fleirtalet av pendlarane er unge. Kvinnene pendlar primært til arbeid innan helse og omsorg, medan menna pendlar til arbeid i industrien.

No ønskjer kommunane å bli endå betre kjend med pendlarane. Og målet er å finne ut kvifor dei pendlar og korleis dei pendlar.

– Vi vil sjølvsagt at flest mogleg skal både bu og arbeide i kommunane våre, og lurar på kva vi kan gjere for å leggje best mogleg til rette for dei som pendlar i dag. Vi lurar også på om dei brukar bil eller kollektivtransport, seier Øyvind H. Oddekalv, leiar for fellesnemnda til Alver kommune.

Måndag 7. mai inviterer kommunane til ei storstilt spørjeundersøking. Denne dagen sender fellesnemdna i Alver kommune ei tekstmelding til alle som pendlar, og inviterer dei til å delta i undersøkinga.

– Målet med undersøkinga er å få kunnskap, som vi kan bruke i arbeidet med å byggje nye Alver kommune. Svara blir ei skattekiste for dei som jobbar med planlegging i kommunane våre. Vi håpar også at næringslivet vårt vil ha glede av å bli betre kjent med pendlarane, seier Oddekalv.

* Tala inkluderer dei som pendlar mellom kommunane i framtidige Alver kommune

Web levert av CustomPublish