Vatnet stengt på Kvalheim torsdag 7. desember

Grunna vedlikehald på vassleidningsnettet vert vatnet stengt i området frå krysset på Kvalheim (avkøyring mot Marøy) til og med Kvalheim fritid torsdag 7. desember kl. 09.00-14.00. Dette gjeld også abonnentar i Bressvika og Fløholmen. 

Dei det gjeld som har mobilnummer eller fasttelefon registrert på adressa har fått melding om dette. 

Når vatnet er tilbake i kranane kan det vera misfarga. Då kan du la kaldt vatn renna gjennom kranen ei tid, evt. opna ein utekran om du har.

Web levert av CustomPublish