Må stenga vatnet i samband med ny legging av vassleidning

Kommunal vassleidning stengd på grunn av omkopling

Vassforsyninga i normalt gjenge igjen Sæbøvågen-Vetås

I samband med legging av ny vassleidning mellom Litlavatnet og Sæbøvågen, blir vassforsyninga stengd til abonnentane i området tysdag 14. november mellom kl. 9.00 og 14.00.

Dersom du får misfarga vatn i kranen etter at vatnet er tilbake er det ein fordel å la det renna i ein utekrane eller i kjellaren ei stund.
Det er frå før lagt ny leidning frå Sæbøvågen i sjø til Vetås, og det er lagt ny leidning gjennom Litlavatnet. No er det arbeidet med å leggja ny leidning mellom Litlavatnet og Sæbøvågen som pågår. Første del av dette delprosjektet er erdig, og det må gjerast ei omkopling for å gå laus på det vidare arbeidet. I samband med omkoplinga må vatnet stengast ein del av morgondagen.

Det er ei betydeleg oppgradering av leidningsnettet som no blir gjort på denne delen av vassverket. Det vil gje abonnentane ei sikrare vassforsyning.
 

Web levert av CustomPublish