Foto: Pixabay

Varsling av innbyggarane på SMS og telefon

Radøy kommune brukar telefon- og sms-varsling for å nå ut med viktig informasjon til innbyggjarane. Sjekk om din telefon/mobil er knytt opp mot databasen som sender ut varsel ved t.d. planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa stans i vassforsyninga eller ved tilrådd kokevarsel.

Får du ikkje SMS-varsel?

Dersom du ikkje får sms- eller telefonvarsel kan du sjekka på nettsida til UMS population alert om du er med i databasen, og evt. kan endra oppføring av telefonnummer slik at du får melding til rett telefon. Her kan du også registrera deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som vedkjem t.d. fritidseigedom.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv leggja denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Slik varslar me
I samband med stenging av vassleidning,  lekkasjar, driftsavbrot og liknande vil det gå ut ei melding om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som berre er registrerte med fasttelefon.

Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området. Når du tek telefonen får du melding om å tasta 1 for å høyra ei melding som er lesen inn.

På slutten av meldinga blir du beden om å tasta:
1 - for å stadfesta at du har oppfatta meldinga
0 - dersom du ønskjer å få meldinga lese opp ein gong til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringa deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

Web levert av CustomPublish