Val

Val i Norge vert gjennomført på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Stortingsval og sametingsval

Stortingsval vert halde kvart 4. år, saman med sametingsvalet. Det vert vald 169 representantar frå 19 fylker til Stortinget. Hausten 2013 vart det gjennomført Stortingsval. I Hordaland fylke er det 15 representantar.

Kommunestyre- og fylkestingval

Kommunestyre- og fylkestingval vert halde kvart 4. år. I Radøy kommune vert det valgt 25 representantar til kommunestyret. Frå oktober 2011 til oktober 2015 er dei medlem av kommunestyret.

Soknerådsval

Den norske kyrkje held val samtidig som kommunestyre- og fylkestingval. Dei vel representantar for sokneråd og bispedøma. Det er sokneråda som gjennomfører dette valet

Kvar kommune er ansvarleg for dei ulike valgjennomføringane og ansvaret i Radøy kommune ligg hjå kultur- og sørvistorget. Dei valde kandidatane representerer ulike parti som har fått godkjend ulike krav sett til å stille liste.

Web levert av CustomPublish