Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa skal gje vaksne innbyggjarar i Radøy følgjande tilbod:

  • Opplæring i norsk for framandspråklege. Denne tenesta kjøper Radøy av Lindås kommune og opplæringa vert gjeve i Knarvik. Tensta er gratis for nokre, medan andre må betala. Det er grunnlaget for opphaldsløyvet som avgjer kva gruppe ein soknar til.
  • Grunnskuleopplæring for vaksne som ikkje har fullverdig slik opplæring. Opplæringa kan organiserast på ulike vis. Opplæringa er gratis.
  • Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Opplæringa er gratis.
  • Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring. Opplæringa er gratis.

Dersom du meiner du har rett til / trong for desse tilboda, kan du kontakta oppvekstkontoret i Radøy kommune.

Web levert av CustomPublish