Ungdomskoordinator

I 2011 vart det tilsett ein ungdomskoordinator i ein 100 % stilling.  Ungdomskoordinatoren skulle arbeide med å fange opp uorganiserte ungdom og gje også dei eit tilbudd på fritida. Ungdomskoordinatoren skal  arbeide for å skape eit godt, kjekt og trygt ungdomsmiljø på Radøy.  Ungdomskoordinatoren samarbeider med lag og organisasjoner, eventuelt andre om å planlegge, sette i gang og arrangere aktivitetar og arrangement for born og unge, og drive med rusførebyggande tiltak. Arbeider med ungdom frå 8.klasse og ut vidaregåande.

katarina ja.jpg

Ungdomskoordinator Katarina Birkeland har arbeid som ungdomskoordinator i 5 år. Som ungdomskoordinator er arbeidsdagen veldig variert.  Katarina er leiar i Radøy ungdomsklubb og driv klubben saman med eit klubbstyre av ungdommer. Kontaktperson for ungdomsrådet, kommunekontakt for UKM, driv ung jobb og sommarcamp om sommarane. Ungdomskoordinatoren samarbeider med lag og organiasjonar og andre etater i kommunen som arbeider med barn og unge som skule, barnevern, kulturavdelinga, bibliotek.  Samtalepartner med ungdommen. 

Den viktigste samarbeidspartneren er ungdommen. Mykje av arbeide handler om å engasjere ungdommer til å delta og til å vere med å styre aktiviteter og tilbod sjølv. Sitat Katarina: ingen veit betre kva ungdommen ynskjer enn ungdommen sjølv.  Ungdommene på Radøy har blitt veldig aktive, og står på får at Radøy kommune skal vere ein god plass for barn og unge å vokse opp. Det er viktig med gode tilbod i kommunen, eit godt miljø og ha tilbod sånn at alle ungdommer føler ein tilhøyringheit og føler seg sett og høyrt. 

Ungdomskoordinatoren setter i gang aktivitet og arrangement som klubbkvelder, open hall, kurs, somemrcamp og aktiviteter i skuleferien. Omtrent ein gang i månaden vert det arrangert størrearrangeement som diskotek, pysjamasparty, temafester, nattcup i fotball og volleyball. 

Ungdomskoordinatoren og ungdomsklubben samarbeider med ungdomsklubben i nabokommunen Austrheim om å arrangere nokon arrangement i halvåret som paintball, halloween, dataparty og juleball. 

 

paintball86.jpg 

Følg ungdomskoordinatoren på facebook. 

Følg Radøy ungdomsklubb og Radøy ungdomsråd på facebook. 

Ungdomskoordinatoren kan kontaktast på tlf: 56349043 eller mobil 90696931 eller e-post: katarina.birkeland@radoy.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish