Førestillinga "100 år med Vera Lynn" på dagavdelinga for eldre

Førestillinga

Trekkspel, bading og Vera Lynn på dagavdelinga

Konsert i Grieghallen, samling i grillhytta, dans til levande musikk og tirsdagsbading. Og no gjenhøyr med legendariske Vera Lynn. Dette er nokre av dei mange kjekke aktivitetane på dagavdelinga for heimebuande eldre.

-Heilt supert å få vera med på kjekke aktivitetar på dagavdelinga, synest Olga Mellingen, her saman med leiar Rebekka Vågenes- Me som arbeider på «Dagstova» er opptatt av å gje brukarane våre meiningsfulle aktivitetar. Gode kulturopplevingar og ekskursjonar står på programmet gjennom heile året, fortel Rebekka Vågenes, leiar ved dagsenteret.

Dagavdelinga har mange forskjellige aktivitetar knytt opp mot faste dagar, for eksempel bingo om fredagane, dans til levande musikk ein gong i månaden, tirsdagsbading i terapibassenget og mykje kos i grillhytta.

Medaas på programmet
I februar var Ivar Medaas tema på dagavdeling, der sonen Nils Medaas fortalde om oppveksten og livet med ein far som var så kjend. Han kom også med nokre artige historiar og hadde med eit kjærleikstev som han framførte for oss.
- Dette besøket sette me stor pris på, fortel leiaren ved dagavdelinga.

Trekkspel-konsert
Lindesnes trekkspillorkester spelte i GrieghallenI mars tok dagavdelinga turen til Grieghallen og konsert med Lindesnes trekkspelorkester. Olga Mellingen var ei dei som var med på turen.
- Dette var heilt fantastisk. Me har det så stille og roleg til vanleg. Eg gleda meg på førehand, og fekk ei flott oppleving på sjølve dagen og mykje å snakka om i ettertid, fortel Olga. Ho synest også det er eit godt tiltak av personalet som legg opp slike aktivitetar på kveldstid.

Rebekka Vågenes er glad for alle som er med og hjelper til som frivillige.
- Det gjer at me kan ha eit godt og variert tilbod til brukarane.

Også på «huset»
Bart Clavier har gjesta dagavdelinga både i fjor og i årDagavdelinga har også ein del arrangement på heimetunet på Velferdssenteret. Bart Clavier heldt konsert her 17. mars. Denne gruppa spelte her i fjor, og følgde opp suksessen no.
- Dei spelte god musikk så me fekk synga og tralla. Dei hadde og ein flott nærleik til brukarane, fortel leiaren på dagavdelinga.

100 år med Vera Lynn
Tysdag 21. mars kl. 10.30 er det klart for eit gjenhøyr med britiske songaren Vera Lynn – som var svært populær under andre verdskrig – og vart kalla «The Forces´ Sweetheart». Det er Frivilligsentralen i samarbeid med dagavdelinga som har henta inn Underholdningsvogna for å presentera førestillinga «100 år med Vera Lynn» i dagavdelinga på Velferdssenteret.

Web levert av CustomPublish