Bål

Oppdatert 7. juni.

Totalforbod mot å gjera opp eld! 

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i fleire områder i regionen vår. Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med 27. mai 2018 kl 20:00. 

Forbodet gjeld for kommunane Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Dette betyr: 

  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.
  • Det er ikkje lov å grilla eller tenna opp bål i nærleik av skog og mark.
  • Det er ikkje lov å tenna bål og grilla i strandsona.
  • Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.
  • Det er ikkje lov å brenna hageavfall, sjølv på eiga tomt

Forbodet gjeld ikkje:

  • Kontrollert bruk av grill i eigen hage. Grilling i eigen hage er kun tillatt ved bruk av gassgrill eller elektrisk grill. Bruk av anna type grill utandørs og i eigen hage er å regne som brot på forbod!

Forbodet gjeld frå og med idag 27.05.2018 og framover til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjera når forbodet er oppheva.

Brannsjef Austerheim, Rolf Henning Myrmel
Brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes
Brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J Romarheim

Web levert av CustomPublish