Tilskotsordning mot barnefattigdom

Målet med ordninga er å motverka eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Er dette noko for deg eller laget ditt? Då kan de søkja støtte frå Bufdir innan 8. desember. 

Kort om tilskotet

Målet med ordninga er å motverka og eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Tilskotsordninga er eit verkemiddel for å betra barn og unge sine moglegheiter til å delta på viktige sosiale arenaer, til dømes ferie- og fritidsaktivitetar - uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Kven kan søkje?

  • offentlege instansar
  • private aktørar
  • frivillige lag og organisasjonar
  • Kva kan du få støtte til?

Du kan søkja om støtte til tilak som:

  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom og familiane deira kan delta på kultur- og fritidsaktivitetar
  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom og familiane deira kan delta på ferieaktivitetar
  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom kan delta på alternative meistringsarenaer

Slik søkjer du
Gå til søkjarportalen til Bufdir: https://soknadsportal.bufdir.no/  

På sidene til Bufir finn du regelverk, rettleiar til oppdatert regelverk, meir informasjon om søknadsprosessen og årsplan for tildeling. 

Lurar du på noko?
Ta kontakt med kommunalsjef for Helse og omsorg, Mette Fauskanger tlf. 56 34 90 15 eller e-post: mette.fauskanger@radoy.kommune.no

Web levert av CustomPublish