Til fiberkundar i Austrheim og Radøy!

Fiberkundar i Radøy og Austrheim som har bestilt berre breiband og ikkje TV, skal no få dette i orden. Enkelte fiberkundar i dei to kommunane har opplevd å få feilinformasjon frå kundesenteret hjå Canal Digital Kabel om at dei må teikna avtale også på TV for å få fiber.

Telenor/Canal Digital understrekar at kundar som tidleg i fiberprosjektet teikna kontrakt og fekk feilaktig informasjon frå seljarar om at dei ikkje kunne få fiber utan å teikna TV-avtale, ikkje skal bli belasta med nettleige (150 kr,- pr mnd) eller etablering på 4.990 kroner.
Kundar som har teikna kontrakt på berre breiband (fiber) blir oppmoda til å ta kontakt med kundesenteret hjå Canal Digtal Kabel på tlf 915 06090. Husk å gje opp korrekt namn på person som har teikna kontrakt, samt rett adresse.
Kundar som har teikna avtale på både breiband og TV, og har fått dette installert, har i følgje kontrakten ei bindingstid på 12 månader.

 

Web levert av CustomPublish