Strandrydding

Strandrydding

Strandrydding

Marin forsøpling er ei av vår tids største miljøutfordringar. Plast er identifisert som ein særleg problematisk del av avfallet i og ved havet. Plast har lang nedbrytingstid, og i havet vert nedbrytinga ytterlegare bremsa av låge vasstemperaturar og redusert UV-stråling. Plasten vil over fleire hundre år bli broten ned til mikroskopiske delar, og vert då tilnærma umogeleg å fjerna. Plast i naturen er ein konstant fare for fuglar og anna dyreliv. Ver med å hald strendene våre reine til glede for folk og dyr!

Ynskjer du å delta?
Gå til NGIR si heimeside og klikk på banneret "Vil du rydda ei strand? Registrer ryddeaksjonen her.", så finn du meir informasjon. Du kan også gå direkte til registrering via lenka http://a3.nordhordlandskart.no/ngir_strandrydding.

Registrer gjerne ryddedugnaden hjå "Hold Norge Rent" i tillegg. Dette bør du gjera dersom du ynskjer å søkja refusjon for utgifter frå Hold Norge reint.

Utlevering av strandryddesekkar

  • Registrer ryddeaksjonen som forklart over, og få sekkar til strandrydding.
  • Strandryddesekkar kan hentast på følgjande stader:
    • Rådhuset på Manger kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.00.
    • NGIR sine gjenvinningsstasjonar; Manger, Litlås og Mjåtveit, eller i resepsjonen i Kjevikdalen.
    • NGIR kan i nokre tilfelle levera ryddeutstyr til avtalt stad. Ta kontakt for å avklara dette (sjå nedst på arket).
  • NGIR kan i nokre tilfelle plassera ut konteinarar til større avfallsmengder. Ta kontakt med NGIR på førehand for å avklara dette.

Levering/henting av avfall frå strandrydding

  • NGIR kan i nokre tilfelle henta avfallet på avtalt hentepunkt. Avfallet frå strandryddinga må berre setjast fram på hentepunkt etter avtale med NGIR.
  • Avfallet frå strandrydding kan du levera gratis ved gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen. Ta kontakt i resepsjonen når du kjem, så avfallet kan verta registrert og vege. Det er diverre ikkje mogeleg å levera avfall frå strandrydding på dei andre gjenvinningsstasjonane.

Sortering av marint avfall
Jern og metall, dekk og trevyrke, og miljøfarleg avfall, skal leverast for seg, og ikkje samanblanda med resten av det marine avfallet. Ta kontakt for å avtala levering av desse avfallsfraksjonane. Alt anna marint avfall vert handsama som restavfall, og vert sendt til forbrenning med energiutnytting. Dette gjeld óg fiskegarn som ein får plass til i strandryddesekkane.

Del bilete
Ta gjerne bilete frå strandryddinga og del med oss.

Kontakt NGIR
For meir informasjon om strandryddinga, eller for å gjera nærare avtaler om utkøyring av ryddeutstyr eller henting av avfall, ta kontakt med NGIR på post@ngir.no eller tlf. 56 34 33 10.

Rydd trygt
Me ynskjer både born og vaksne ei trygg strandrydding. Ein del av skrotet som ein finn i strandsona må ein vera varsam når ein handsamar, og me tilrår difor at born ryddar saman med vaksne. Ta i bruk tryggingsutstyr som redningsvest og hanskar.

Web levert av CustomPublish