Sommarcamp_IMG_9013

Stor aktivitet i sommercampen

Sommercampen for ungdom er godt i gang på Radøy, med mange aktivitetar for dei som skal opp i 8. klassingar og opp til 19 år.

I løpet av sommaren vert det arrangert 20 arrangement i regi av ungdomskoordinatoren og ungdomsklubben.  Ungdomane kan velja melleom ei rekkje aktivitetar dei kan vera med på, frå blåtur, klubbkveldar med kajakk, utflukt til Bergen, aktivitetar i det våte element, hawaii-party og mykje meir.

Volleyball og kajakk
Populært med Magic the gathering, saman med Manger spelklubb med Thomas Rikstad som leiar."Magic the Gathering" er eitt av tilbod som ungdomsklubben har invitert til i sommar, i samarbeid med Manger spelklubb og leiar Thomas Rikstad (t.h.).
 

Juli er den store aktivitetsmånaden med flest arrangement og denne veka har det vore stort engasjement. Søndag 10.juli vart det arrangert speldag på klubbhuset saman med Manger spelklubb. Her samla ungdommen seg til ei turnering i spelet Magic the gathering
Måndag vart det arrangert klubbkveld ved Nesvatnet med volleyball, fotball og kajakk saman med Nordhordland padleklubb. Tysdag var det klart for rusfri sosial kveld på Bøvågen øl og vinstue der ungdommane spelte spel, karaoke, kahoot, biljardturnering og det vart servert pizzabord.

Desse jentene var i aksjon under vassaktivitetane ved Sletta-kaien.Desse jentene var i aksjon på vassaktivitetsdagen ved Sletta-kaien.


Klart for aktivitetar til sjøs
Torsdagen er det klart for den årlege blåturen for dei eldste ungdommene mellom 15-19 år. Kor dei skal er det ingen som veit. Turen er fullbooka og 30 ungdommer er klare for to spennande dager.

Der er framleis mange aktivitetar som vert arrangert. Neste veke er det klart for vannaktivitetsdag i Valdersneset saman med RS ung, Utflukt til Bergen, og bumperz og vannkrig. Det er framleis ledige plasser på utflukt til Wasteland tysdag 24.juli. Her er det påmelding innan måndag 17.juli til ungdomskoordinatoren på sms: 90696931.

 

Web levert av CustomPublish