Startlån

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad.

Kven kan få startlån?

Startlån er behovsprøvd. Kommunen vil i vurderinga leggja vekt på:

  • om det er forventa om søkjaren vil ha langvarige problem med å finansiera eigd bustad.
  • om søkjar har nytta moglegheiter til å spara.
  • om søkjaren har evne til å betena lånet over tid, og fortsatt ha naudsynte midler igjen til livsopphold.

Startlån kan nyttast til:

  • Kjøp eller oppføring av bustad
  • Utbetring eller tilpassing av bustad
  • Refinisiering av dyre lån for å kunna halda på bustaden

Kor mykje kan ein få i lån?
Radøy kommune gjev til vanleg startlån berre som toppfinansiering i tillegg til andre lån eller for å kunna refinansiera dyre smålån. Ein gjev berre unntaksvis større startlån enn kr 450.000.

Søknad
Søknadsskjema finn du til høgre på sida. Skjemaet skal sendast til kommunen.

Meir informasjon

 

 

Web levert av CustomPublish