På veg mot Rapeneset. Foto: Solveig Lohne Rongved

På veg mot Rapeneset. Foto: Solveig Lohne Rongved

Stadig nye utbetringar på turstiar i kommunen

I løpet av vinteren er det mange som har vore i sving for å utbetra turstiane våre i kommunen.Tusen takk til alle dykk som gjer ein innsats for å utbetra og halda ved like turstiane i kommunen vår!

Manger IL har utbetra stiane på tusenårsstaden og ordna golvet i gapahuken på Nøttveitveten, Risnes grendalag har skilta og merka fleire turstiar i Risnes krins, Sætre grendalag har merka turstiar frå Sætre til Lometjørna, Vetås bygdelag har hatt mange timar med dunad på markavegen frå Storheimstemma, Skagenesets venner har bygd endå fleire klopper mot Skageneset, Bergen og omland friluftsråd har bygd ny bru på stien mot Skageneset, Marøy grendalag har sett opp fleire gjerdeklyv utover mot Knappen og Radøy idrettslag har bygd klopper på Rapeneset på Straume.

I tillegg har fleire privatpersonar vore i sving: Atle Ohnstad har bygd klopper og rydda frå Namtveit til Kolåseidet, Rolf Tarlebø og Vigdis Haukeland har rydda stien og bygd klopper mellom Haukeland og Vetås, Hans Egil Storheim gjer stadige utbetringar på stien frå Grønfjellet til Peprane, Eirik Smith har bygd nye gjerdeklyv langs gamlevegen mot Skageneset og Jon Askeland har merka og sett opp gjerdeklyv på stien til Staurevarden.  I tillegg har ei større gruppe vore i sving med å rydda stien mot Grønfjellet.

Om det er nokon me har gløymd eller ikkje veit om, send oss gjerne ei melding.

Me oppfordrar alle radværingar og besøkjande til å nytta påsken til å koma seg ut på tur og beundra resultatet av den innsatsen som har vorte lagt ned på turstiane i kommunen! Mange av turane finn de på www.ut.no

Web levert av CustomPublish