Står du i manntalet?

Det er Storting- og Sametingsval måndag 11.september 2017. Du må stå i manntalet om du skal kunna røysta ved vala. Du kan kontrollera om du står i manntalet for din kommune. Manntalslistene er lagt ut på rådhuset og på biblioteket.

Logo valDersom nokon meiner at dei sjølv eller andre med urette har vorte innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan vedkomande krevja at valstyret rettar feilen. Krav om retting av feil skal sendast til: Valstyret i Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger.

Har du flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30.06.17, står du framleis i den kommunen du flytta frå. Du kan då førehandsrøysta der du bur no, eller røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå.  

 Det vert førehandsrøysting på kommunehuset i perioden 10.august t.o.m. 8.september.

 For nærare informasjon om Stortings- og Sametingsvalet 2017, sjå kommunane sine heimesider, www.valg.no eller ta kontakt på kommunehuset.

Web levert av CustomPublish