Åse Wetås på Vetåsveten då ho besøkte oldefaren sine barndoms tufter for første gong.

Språkdirektøren imponert over nynorsk-feiring

- Flott å feira nynorsken på denne måten, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet. Ho var på Radøy i samband med nynorskdagane denne veka. Språkdirektøren har røtene sine frå Vetås, og besøkte for første gong staden der oldefaren vaks opp.

Åse Wetås er imponert over nynorskdagane og alle tilskipingane som denne veka er gjennomført i nynorsken sitt teikn. Radøy vart kåra til årets nynorskkommune i 2014. Nynorskdagane hadde eit stort fokus på gode og spennande opplegg for barnehagane og skulane. Det var godt frammøte også på konserten med Tom Roger Aadland og hans tolking av Bob Dylon på nynorsk, og forfattarmøte med vår eigen Tormod Haugland. Bloggekurs for ungdom var også svært populært.

- Alle dialektar er likeverdige
Språkdirektør Åse Wetås snakka om «dialekt, skriftspråk og identitet» i føredraget sitt under nynorskdagane. Ho slo fast at Språkrådet ser på alle dialektar som likeverdige og arbeider for å fremja språkleg mangfald.
- Nynorsk blir i ulike samanhengar framstilt som eit problem. Difor er det supert at Radøy kommune i staden feirar nynorsken, seier Åse Wetås. Ho meiner andre nynorskkommunar bør gripa ideen og følgja opp med tilsvarande opplegg

Åse Wetås, som også har bakgrunn namnegranskar og språkvitar, merkar større og større interesse for lokale tradisjonar og språk, både her i landet og elles i Europa.
- I ei kompleks verd er det stadig fleire som treng vita kvar dei kjem frå og kjenna sin eigen tradisjon, seier språkdirektøren, som understrekar at identiteten vår er sterkt knytt til språket vårt.

Språkdirektør Åse Wetås på oldefaren sin tufter, her saman med Johan Myking, leiar ved Instiutt for lingvistiske, litterære og estetiske studivar ved UiB.Johan Myking, leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved UiB gav språkdirektør Åse Wetås fekk ei god innføring i dei lokale veten-namna og deira historiske betydning. Her frå Vetåsveten.

- Ein flott plass
Utsikta mot Radfjorden, Eldsfjellet og Kvistefjellet er strålande frå toppen av Vetåsveten og Hestefjellet. Her vandrar språkdirektøren på stiar der oldefaren trødde, omkransa av mange steinmurar som viser spor etter busetnad og aktivitet.
- Det er utruleg vakkert her. Det er lett å forstå at folk slo seg ned og vart buande her. Dette må ha vore ein lun plass, det vitnar også dei varmekjære og store bøketrea om.

Vil attende til Vetås
Åse Wetås kjenner på tilknytning til staden der oldefaren vaks opp.
- Ein del av identiteten min ligg her på Vetås, eg får eit heilt anna forhold til staden og opphavet mitt etter å ha vore her, seier ho. Ho kjem svært gjerne attende hit, og då ønskjer ho å visa dottera på 11 år staden der hennar tippoldefar budde.
- Det nynorske skriftspråket bygde på dei norske dialektane og ordforrådet derifrå. Nynorsken (landsmålet) vart bygd vidare ut, slik at det skulle kunne brukast på alle samfunnsområde, sa Wetås.

Treng vita kvar vi kjem frå
Åse Wetås, som også har bakgrunn namnegranskar og språkvitar, merkar større og større interesse for lokale tradisjonar og språk, både her i landet og elles i Europa.
- I ei kompleks verd er det stadig fleire som treng vita kvar dei kjem frå og kjenna sin eigen tradisjon, seier språkdirektøren, som understrekar at identiteten vår er sterkt knytt til språket vårt.

Åse Wetås på tuftene der oldefaren trødde sine barneskog på Vetås

 

 

 

 

 

 

 

Åse Wetås på på tuftene etter oldefaren sin barndomsheim på Vetås.

Ho slo fast at Språkrådet ser på alle dialektar som likeverdige og arbeider for å fremja språkleg mangfald.
- Det nynorske skriftspråket bygde på dei norske dialektane og ordforrådet derifrå. Nynorsken (landsmålet) vart bygd vidare ut, slik at det skulle kunne brukast på alle samfunnsområde, sa Wetås.

Dialektane har høg status
Åse Wetås peika på at norsk språk er ein bruksgjenstand og eit praktisk kommunikasjonsmiddel. - Ord og frasar vi ikkje treng, går ut av bruk eller får anna tydingsinnhald.
Ho konstaterer at dialektane har høg status, og dei kan brukast over alt i det norske samfunnet.
- Mange brukar dialekt i skrift for å visa at dei uttrykkjer seg personeleg. Dette er særleg vanleg i sosiale medium, seier Wetås.


  •  
Web levert av CustomPublish