Spørjetime i kommunestyret

Det er spørjetime i kommunestyret to gonger i halvåret. Her kan folkevalde, publikum og presse stilla spørsmål til ordføraren.

Tidspunktet for spørjetimen vert kunngjort saman med møta. Spørjetimen varer inntil ein time. Dei som ynskjer utfyllande svar, må melda spørsmåla til ordføraren seinast 48 timar før møtet. Spørsmålstillar får høve til eitt oppfølgingspørsmål.

Det kan ikkje stillast spørsmål om saker som står på saklista til kommunestyremøtet, og spørsmål kan ikkje realitetshandsamast i møtet.

Spørsmål kan sendast pr post til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger, på e-post til postmottak@radoy.kommune.no eller via elektronisk skjema.

I møtekalenderen kan du sjå når neste kommunestyremøte med spørjetime er.

Web levert av CustomPublish