Frå opninga av kunstgrasbana i Grønålen.

Spelemidlar

Frist for å søkja spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er sett til 1. november i Radøy kommune. Dette gjeld både nye søknader og søknader som skal fornyast.

Før ein kan søkja spelemidlar, må anlegget vera registrert i anleggsregisteret og ha idrettsfunksjonell godkjenning. Søknader om idrettsfunksjonell godkjenning må sendast kommunen seinast 15. oktober 2017. Det er også eit krav om at det ligg føre idrettsfunksjonell godkjenning før byggjearbeida tar til, elles mistar ein retten til å søkja spelemidlar. NB: Idrettsfunksjonell godkjenning er ikkje det same som byggjeløyve!

For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, sjå www.anleggsregisteret.no. På https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/soknadsprosess/ finn du informasjon om søknadsprosessen. 

Treng du hjelp?

Har du spørsmål om søknadsprosessen eller treng hjelp til å fylle ut søknaden? Ta kontakt med rådgjevar kultur Bente K. Hervik tlf. 56 34 90 12 eller e-post bente.hervik@radoy.kommune.no. 

 

Web levert av CustomPublish