Radøysongen

Radøysongen er skriven av Petter Morken.

 

radoysongen.jpg

Radøysongen

Det susar lint i bjørketopp
og stryk rundt nakne haug
eg kjenner brisen på min kropp
eit sjøfriskt vikinglaug,-
Det skvalar smått om fjørestein
og helsar meg frå vest -
i eim av sjø og fiskebein
eg likar Radøy best!

Og dreg det opp eit ver frå vest,
så tek eg hyra på.
Men trass i regn og mykje blest
er Radøy aldri grå,-
Når lynget glitrar tårevått,
kvar stein er blank og fin,
set bekken i ein perlelått
og dansar dansen sin!

Ein radværing som reiser ut,
ber med i hjarta sitt
ein skatt av gull, ein arvelut
som bind hans tanke tidt!
Det ber han tidt i syn og draum
så sælt på heimleg veg-,
Han siglar i ein minnestraum,
til Radøy tanken dreg!

Eg reiser jamt på Radøyferd
når tanken stig mot høgd,
om vitjing i mi barndomsverd
eg drøymer glad og nøgd,-
Eg trør i gamle fotefar
og nemner alt ved namn,
for bygda er som før ho var,
og opnar varmt sin famn.

Kvar knaus, kvart tre og liten stein,
dei ser mitt hjarta blør -
men trastemor på bjørkegrein,
ho syng som aldri før!
Ja, songen tagnar aldri enn
om noko visnar ned,
for tida modnar nye menn,
kvart år veks nye tre.

Ver helsa, Radøy hovdingstad,
ditt namn i soga står-
Så mang ein mann du gjorde glad,
og gjer det kvart eit år!
Når runer skriv deg takk og løn,
på mosegrodde stein,
då fyller du mi siste bøn,
og gøymer mine bein.

 

 

Web levert av CustomPublish